Jutulporten

Jutulporten er ein bergformasjon ved fylkesveg 454 ved sida av Jutulheimen bygdemuseum. Bergveggen er forma som ein port, og segnlitteraturen fortel oss at inne i dette berget budde Jutulen – det lokale trollet.

Det var Jutulen som skyssa Jehans Blessom med hest heim frå København julekvelden så fort at det gjekk over berg og dal… Vel heime i Vågå formana framandkaren Blessomen om ikkje å sjå opp om han høyrde ein smell. Men Blessomen gløymde seg og stirde opp. Han fekk da sjå Jutulporten open med det same Jutulen steig inn – og skjønte kva skysskar han hadde hatt. Men Blessomen vart skakk i nakken alle sine levedagar etterpå – i den same stillinga han hadde med det same han såg opp! Jehans Blessom er elles ein historisk person, som levde på 1600-talet, og Jutulporten passar godt inn i segna. Ved sida av Jutulporten er ei spesiell geologisk forekomst. Kalkstein er her samanpressa under stor varme, i dag synleg i ei merkeleg bølgeform.