Flomstein

Kraftselskapet Eidefoss, Vågå kommune og Glommen & Laagen Brukseierforening sette i 1989 ein flomstein ved rasteplassen langs riksv. 15 vest for Lalm, 200 år etter at “Storofsen” herja.

Her kan vi studere kor høgt Ottaelva har gått i ymse flomperiodar. Den absolutt høgste flomstanden var i 1789 da den forferdelege “Storofsen” slo til 20. juli etter langvarig regn og høge temperaturar. Skadeflommen var den verste historia kan fortelja om. Vatn og ras i vassmetta jord sopte hus og gardar på elva, og landskapet i dalen vart sterkt forandra. Mjøsa vart fylt opp med hus, tre og annan vegetasjon, og vatnet var som graut. De regnvêret ga seg 24. juli, hadde 68 menneske og 900 dyr mista livet, og 1082 hus var raserte – i tillegg til omfattande naturøydeleggingar.