Jutulporten

Jutulporten er ein bergformasjon ved fylkesveg 454 ved sida av Jutulheimen bygdemuseum. Bergveggen er forma som ein port, og segnlitteraturen fortel oss at inne i dette berget budde Jutulen – det lokale trollet.

Det var Jutulen som skyssa Jehans Blessom med hest heim frå København julekvelden så fort at det gjekk over berg og dal… Vel heime i Vågå formana framandkaren Blessomen om ikkje å sjå opp om han høyrde ein smell. Men Blessomen gløymde seg og stirde opp. Han fekk da sjå Jutulporten open med det same Jutulen steig inn – og skjønte kva skysskar han hadde hatt. Men Blessomen vart skakk i nakken alle sine levedagar etterpå – i den same stillinga han hadde med det same han såg opp! Jehans Blessom er elles ein historisk person, som levde på 1600-talet, og Jutulporten passar godt inn i segna. Ved sida av Jutulporten er ei spesiell geologisk forekomst. Kalkstein er her samanpressa under stor varme, i dag synleg i ei merkeleg bølgeform.

Vågåkyrkja

Vågåkyrkja er ei ombygd stavkyrkje, som har hatt si nåverande form sia 1630. Den gamle kyrkja hadde eitt skip, og stod sannsynlegvis på ei tuft tre hundre meter lenger vest. Mellom anna vart dei utskorne veggplankane frå den gamle kyrkja nytta rundt hovudinngangen på den nye. Av stilen i dei utskorne felta kan den gamle tidfestast til 1100-talet.

Det var Werner Olssen som hadde ansvaret for ombygginga av Vågåkyrkja, i åra 1625 – 1630. Det spisse, åttekanta tårnet omkransa av fire småspir er eit særmerke for han. Kyrkja fekk nå krossform, og byggemåten likna den som var brukt i dei gamle stavkyrkjene. Sakristiet i lafta tømmer vart oppført seinare på 1600-talet. Av inventaret er døypefonten i kleberstein frå 1100-talet det eldste. Krusifikset er eit unggotisk arbeid frå midten av 1200-talet. Preikestolen kom til straks etter at nykyrkja stod ferdig i 1630-åra. Altartavla er frå 1674, akantusranka rundt frå 1758.

Det er ikkje tillatt å fotografere i kyrkja. Ved gravferder og vigslar er kyrkja stengd.

OPNINGSTIDER SOMMAREN 2004:
1. juni – 30. september

JUNI, AUGUST OG SEPTEMBER
Mondag – laurdag 10.00 – 19.00
Sundag 11.00 – 19.00

INNGANG: Vaksne kr 20,- pr person. Born under 16 år: Gratis.

JULI
Mondag – Laurdag 10.00 – 20.00
Sundag 11.00 – 20.00

INNGANG: Vaksne kr 30,- pr person. Born under 16 år: Gratis.

Flomstein

Kraftselskapet Eidefoss, Vågå kommune og Glommen & Laagen Brukseierforening sette i 1989 ein flomstein ved rasteplassen langs riksv. 15 vest for Lalm, 200 år etter at “Storofsen” herja.

Her kan vi studere kor høgt Ottaelva har gått i ymse flomperiodar. Den absolutt høgste flomstanden var i 1789 da den forferdelege “Storofsen” slo til 20. juli etter langvarig regn og høge temperaturar. Skadeflommen var den verste historia kan fortelja om. Vatn og ras i vassmetta jord sopte hus og gardar på elva, og landskapet i dalen vart sterkt forandra. Mjøsa vart fylt opp med hus, tre og annan vegetasjon, og vatnet var som graut. De regnvêret ga seg 24. juli, hadde 68 menneske og 900 dyr mista livet, og 1082 hus var raserte – i tillegg til omfattande naturøydeleggingar.

Jutulheimen bygdemuseum

Jutulheimen bygdemuseum finn vi tett attmed Jutulporten vest for Vågåmo. Dette bygdetunet har eksistert i femti år, med hus som er samla frå ymse gardar i Vågå. Hovudhuset kjem frå Sunde. Eit anna våningshus kjem frå Øy, med bl a kjøkken til bruk under ymse arrangement.

Elles finst bl. a. to stabbur, ombygd stall og smie. Bygdemuseet har også ei omfattande samling med pynte- og bruksgjenstandar frå bygda. Blant anna er her ting som har tilhøyrt den kjende fjellmann og jeger Jo Gjende (1794 – 1884), og det finst arbeid etter skulptøren Jo Visdal.

Jutulheimen bygdemusem er ope i juli månad.

VELKOMNE TIL EI FREDELEG STUND I JUTULHEIMEN,
OG NYT GJERNE EIN KAFFEKOPP OG DET SOM ELLES MÅTTE PASSE!

Aktivitetar i og rundt Vågå

Jotunheimen Aktiv IT,
2680 Vågå. Tel 61 23 77 17 /
94 36 05 51
fax 61 23 75 18
www.aktivit.no
e-post aktivit@aktivit.no

Jotunheimen Aktiv It tar deg med på utfordrande og spennande aktivitetar. Spesialfelt: Motorsport med undervisning for nybegynnarar og vidarekomne. Cross cart, go ped. Vass-sport med jetski, vass-scooter, vass-ski, div leikar. Klatring etter fleire alternativ, rapellering m m. Rafting i Sjoa, korte eller lange turar. Mountain bike med guide-turar, transport til fjells, tøff sykling nedover. Teambuilding. Berre for grupper på min 8 pers. Valgfritt 4 aktivitetar over 2 dagar. Bestilling. Prøv oss – ei oppleving å leva vidare på!

Upptur, André Sundero,
Postboks 18
2680 Vågå. Tel 61 23 89 16 /
41 67 81 10, fax 61 23 89 38
www.upp.no e-post sundero@upp.no

Bli med oss på juving! Vi tar deg med til stader du ikkje har høyrt om – eller drøymt om kunne finnast. Nærare naturen kjem du ikkje. Med våtdrakt, hjelm og redningsvest og tau besøker vi utvalde juv. Juving er kombinasjon av fottur, svømming og klatring. Du kan svømme i jettegryter, hoppe frå klipper, tygge kvae, svømme i stryk, rapellere i tau og bli fascinert av den mektige naturen. Dyktige, lokale guidar tar vare på deg og gir deg ein dag du seint vil gløyme. Kortturar og dagsturar kr 290-390. Dette er turen som tar deg vidare der rafting set grenser.
Vi tar deg også med på bretur, topptur, grottetur, isjuving og skiturar vinterstid. Kulturarrangement med gardsbesøk kveldseto og teatersport er også på programmet.

Moskus-Safari Dovrefjell,
2660 Dombås.
Tel 99 70 37 66/ 92 60 19 37.
www.moskus-safari.no
e-post: arne-granlund@moskus-safari.no
Moskus Safari Dovrefjell arrangerar guida moskusturar på Dovrefjell kvar dag. Turane varer i ca. 5 timer, men kan tilpassast etter behov! Ta med god nistepakke og drikke. Varme klede og gode sko er å anbefale! Fjellvande guidar vil gjere alt for at dere skal få ei flott og lærerik naturoppleving i Dovrefjell sin storslagne natur!

I juni – august går turen kvar dag kl. 10:00 frå Kongsvold Fjeldstue. Alternativt kl. 09:00 frå Dombås Turistkontor. Det same gjeld helgane i september. Elles på forespørsel.

Moskus Safari Dovrefjell kan også arrangere moskusturar vinterstid. På desse turane nyttar vi ski eller truger. Eventuelt også med hundespann om dette er ynskjeleg. Ta kontakt med Moskus-Safari Dovrefjell!

Norwegian Wildlife & Rafting, Randsverk, 2680 Vågå. Tel + 47 61 23 87 27 / Fax + 47 61 23 87 60 www.nwr.no e-post nwr@nwr.no

Norwegian Wildlife & Rafting er Norges eldste rafting- og villmarksarrangør. Vi har det beste av kunnskap, sikkerheit og utstyr. Våre guidar har gjort rafting i Sjoa til eit begrep. Vår erfaring er di sikkerheit. Korttur, dagstur, tur over flerie dagar inkl. overnatting i villmarksleir. Vår raftingskole tilbyr guideutdanning og personleg utvikling.

NWR tilbyr elles mange villmarksaktivitetar året rundt, m.a. klatring, grottetur, brevandring og høgfjellsskiløping.

Sjoa Rafting,
2680 Vågå. Tel 88 00 63 90 /
fax 61 23 19 00 www.sjoarafting.com e-post sjoa@online.no

Sjoa Rafting tilbyr spenning, samarbeid og sikkerheit på Sjoa, den sentrale elva for rafting i Norge. Vi har lokalkunnskap om elv og natur, og legg vekt på solid guide-utdanning.

Gjestene våre kan velja mellom korttur, dagstur og todagarstur. Vi kan også tilby brevandring og grottetur. Unn deg og dine venner ei intens naturoppleving i sommar!

Dagstur inkluderer varm lunsj. 2-dg inkluderer fem måltid og to overnattingar i villmarksleir.

Søremsstallen,
2680 Vågå. Tel 90 97 06 75 /
61 23 75 47 (vinter)

Rideturar for store og små i skog og fjell, med utgangspunkt i Randsverk. Spesialtilpassa opplegg for folk med funksjonshemmingar. Ingen krav til ferdigheit – du må berre ha lyst til å ri! Vi rir i skritt, trav og galopp – farten blir avpassa etter det den enkelte ønskjer. Hestane er av forskjellig rase, gemytt og storleik. Felles for alle er at dei er fjellvante, snille og trivelege. Gratis hjelm – som alle må bruke! Kortturar (1 – 3 timar): kr 100,- pr t. Dagstur inkl middag: kr 600,-. Lengre turar etter avtale: kr 700,- pr døgn inkl mat og overnatting i telt.

Maks deltakartal: 8 personar.

MS Gjende III (100 pass.), MS Gjende IV (50 pass.)
Tlf 61 23 85 09/91 30 67 44
www.gjende.no

Båtrute på fjellsjøen Gjende i Jotunheimen nasjonalpark. Gjendesheim-Memurubu-Gjendebu medio juni-medio september. Flott å kombinere med fottur over Besseggen eller Bukkelægeret.

Rutetider. Les meir

Vinter i Vågå: Vågåfjell

Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter
Tlf 61 23 87 55
Alpinsenter ved Lemonsjøen. 1400 m skitrekk, barneskitrekk. 380 m høgdeforskjell. Ulike nedfartsløyper. Snowboard, halfpipe, big jump. Skiutleige, skiskole.

Langrennsløyper, i skog og snaufjell. Bortimot 300 km preparerte løyper. Føremelding finn du her.
Skikart kr 35,- på turistkontoret og ved bedriftene.