Ridderspranget

Dette juvet, der Sjoa renn stri rundt jettegryter og berghamrar, er kjent frå segnlitteraturen. Namnet har Ridderspranget frå segna om Valdres-riddaren Sigvat Kvie, som etter brurerov på Sandbu i Vågå flykta over dette juvet med den vakre jenta “Skårvangssola” i armane. Sandbu-riddaren Ivar Gjesling var da i hælane på han med sine menn. For å vise korleis det ville gå med den første som prøvde seg, støytte Sigvat ein av sine eigne menn ned i fossen. I følge segna måtte Sigvat Kvie seinare betale skadebot for brurerovet.”

Ridderspranget er lett tilgjengeleg, med bilveg frå rv 51 fem kilometer sør for Randsverk. Frå parkeringsplassen er det kort spasertur fram til juvet.