Vågåkyrkja

Vågåkyrkja er ei ombygd stavkyrkje, som har hatt si nåverande form sia 1630. Den gamle kyrkja hadde eitt skip, og stod sannsynlegvis på ei tuft tre hundre meter lenger vest. Mellom anna vart dei utskorne veggplankane frå den gamle kyrkja nytta rundt hovudinngangen på den nye. Av stilen i dei utskorne felta kan den gamle tidfestast til 1100-talet.

Det var Werner Olssen som hadde ansvaret for ombygginga av Vågåkyrkja, i åra 1625 – 1630. Det spisse, åttekanta tårnet omkransa av fire småspir er eit særmerke for han. Kyrkja fekk nå krossform, og byggemåten likna den som var brukt i dei gamle stavkyrkjene. Sakristiet i lafta tømmer vart oppført seinare på 1600-talet. Av inventaret er døypefonten i kleberstein frå 1100-talet det eldste. Krusifikset er eit unggotisk arbeid frå midten av 1200-talet. Preikestolen kom til straks etter at nykyrkja stod ferdig i 1630-åra. Altartavla er frå 1674, akantusranka rundt frå 1758.

Det er ikkje tillatt å fotografere i kyrkja. Ved gravferder og vigslar er kyrkja stengd.

OPNINGSTIDER SOMMAREN 2004:
1. juni – 30. september

JUNI, AUGUST OG SEPTEMBER
Mondag – laurdag 10.00 – 19.00
Sundag 11.00 – 19.00

INNGANG: Vaksne kr 20,- pr person. Born under 16 år: Gratis.

JULI
Mondag – Laurdag 10.00 – 20.00
Sundag 11.00 – 20.00

INNGANG: Vaksne kr 30,- pr person. Born under 16 år: Gratis.