Turforslag

Over sjølve Valdresflye er vegen stengt om vinteren. Turen mellom Vågå og Valdres gjennom Sjodalen byr på ei reise gjennom landskap som er forma gjennom millionar av år. Landskapsformene slik vi ser dei i dag, har i stor grad fått si form etter siste istida, som tok slutt for 10 000 år sia.

Fjellsjøane og Sjoaelva er livsnerver i landskapet Langs vegen blir vi fascinert av kontrasten mellom avrunda fjellformasjonar i aust og høge Jotunheim-tindar mot vest. Desse tindane – som utgjer dei langt fleste av 2000-metringane i Norge – består mye av omdanna og slitasjesterk urtidsgabbro, der djupe brebotnar vitnar om dramatiske istidskrefter. Landskapet på austsida av turistvegen er karakterisert av rolege landskapsformer. Her er breie dalar og fjellvatn – samt mange eskerformasjonar, dødisgroper, gamle elvefar og terrassar, som er resultat av avsmeltinga etter siste istida. Frå det høgste punktet langs vegen over Valdresflya, 1389 m o h, får vi følelsen av å vera i eit mektig viddelandskap. Setergrendene på Beito og i Sjodalen drar liner attende til eit historisk kulturlandskap. Sjodalen hadde den unike tradisjonen med vintersetring heilt fram til 1930-åra. Dette er ei av årsakene til at vi nettopp her jamt over finn av dei største seterhusa i Norge.