Velkommen til Jutenheimen

Her finn moderne ferdafolk si kvile – stansar og opplever tradisjon: Solsvidde tømmerhus trygt på tuft i gavmilde lier, storgard og småbruk i eitt med naturen gjennom hundreår. Slit og trivsel har gått hand i hand – folk har funne sin identitet her.

Matklokka på stabbursmønet har kalla onnefolket til bords – gamle hus har ramma inn det heile. Med sine 150 freda hus er Vågå den kommunen i landet som har flest i så måte. Dei finst på seksten gardsanlegg – det eldste er eit middelalderloft.

I fjellet var det veidefolket som herska etter at istida tok slutt for ti tusen år sia. Gamle fangstanlegg med graver, leiegjerde og bogestille vitnar om dette. Det er også gjort steinalderfunn
Funn frå bronsealder og vikingtid vitnar om at ei gryande jorddyrking så smått tok til å prege kulturlandskapet.